Hopp til hovedinnhold

Nes Bygdekvinnelag i Buskerud

Skolemat


God næring gjev god læring

 

Det er på høg tid å innføre eit sunt skulemåltid. Det vil vere eit løft for folkehelsa, sosial utjamning, skulemiljø og gode matvanar. Bustad og skule bør ikkje avgjere om du får eit næringsrikt måltid i løpet av dagen eller ikkje.

Over halvparten av lærarane i grunnskulen opplever anten dagleg eller fleire gonger i veka at elevar er ukonsentrerte fordi dei ikkje har ete nok i løpet av skuledagen. Berre ein av fem tilsette på skulen opplyser at barna alltid har med seg matpakke i sekken.

Barn og unge er i dag store delar av dagen på skule og skulefritidsordning. Det er ei politisk målsetjing å redusere sosiale forskjellar i helse. Folkehelselova fremjar skulen som ein viktig arena for det førebyggande folkehelsearbeidet. Då er eit felles offentleg gratis skulemåltid eit godt tiltak.

Det er på skulen vi kan nå ut til alle barn og gjere ein forskjell i deira kvardag. Dei skulane som har skulemåltid, stadfestar at dette har god effekt. Lærarane løftar fram ro og konsentrasjon i klasserommet og betre læringsmiljø. Elevane er opptekne  av at det sosiale samhaldet rundt måltidet.

Usunt kosthald og fedme blant barn og unge er eit folkehelseproblem som krev innsats der barna er. Gode matvanar tidleg i livet gjev sunne vaner også seinare i livet. Ernæringsekspertane bak rapporten «Sunnere matomgivelser i Norge» anbefaler skulemat til alle. Samfunnet må ta ansvar på dei offentlege arenaene, foreldre må ta ansvar på heimebane.

Eit aukande tal kommunar og fylker ser etter moglegheiter for å innføre måltid i skolen. Nokre får det til. På nokre skuler er måltidet gratis. Andre har abonnementsordningar. Ulempa er at eigenandel set dei med dårlegast råd utanfor. Då når vi ikkje dei som har størst behov for eit felles skulemåltid.

I debatten om skulemat er eit vanlege argument at det er for vanskeleg og for dyrt å få til. Det vert ofte snakka om både lærarmangel og mangel på eigna skulekjøkken. Men, sjå på Vinje. Der får alle barna eit gratis måltid med ferske brød, sunt pålegg, grønsaker og frukt. Dei gjer det enkelt, utan eit stort skulekjøkken. I Vinje er det tilsette på skulefritidsordninga som førebur måltidet.  Lærarane et saman med elevane. Deira erfaring er at næringsrik mat og gode samtalar gjer ein forskjell i kvardagen.

Vi meiner skulemat er så viktig at det ikkje kan overlatast til kvar enkelt kommune. Eit gratis skulemåltid er ei investering i ei best mogeleg framtid for barna våre. Naboland som Finland og Sverige har hatt det i årevis. No må Stortinget innføre eit gratis skulemåltid til alle barn i Noreg.