Hopp til hovedinnhold

Nordre Land Bygdekvinnelag

God jul fra Oppland Bygdekvinnelag


Fokus på mye bra i 2019!  Tusen takk for godt samarbeid!

2019 går mot slutten. Det er tid for oppsummering, leggje plan og sette mål for neste semester og år. Høyringa i fylkesreformen viste at vi held fram som eige fylkeslag, og det blir opp til landsmøtet i NBK i 2020 å lage forma det skal drivast innafor i framtida.
Sosiale medier Det er stor og mangfaldig aktivitet i alle lag i heile Oppland fylke. Eg vonar verkeleg  at du har høve til å følgje med på nettsidene og på sosiale medier, for det er reint utruleg kva som foregår rundt om i fylket; fermentering er populært, likeså tradisjonsbakst i ulike variantar, det har vore servert mat på mange skular, vore arrangert aksjonar for bygg, matsikkerheit og slakteri, kvinner i verden og kvinner UT. No står julemarknader, julemøter og ny årsplan for tur. Alle lag har hatt årsmøte, og nye og gamle styremedlemmer skal dra lasset vidare saman. Mange lag er flinke til å ta bilder og dele på Facebook slik at vi alle kan få eit innblikk i kva som skjer.  Men det er eit stort ynskje at de legg både møter og arrangement på heimesida. Både det som skal kome og det som har vore, gjerne med nokre beskrivande ord. Treng de hjelp til dette; kontakt Borgny i OBK eller Helle i NBK så ordnar det seg.
Og apropos Facebook; OBK forsøker  i år å laga ein adventskalender på Facebook. 24 oppslag med bilete, filmsnuttar, oppskrifter, historier osb. frå dei ulike laga i vårt mangfaldige fylke. Leit i arkivet, eller lag noko frå laget som de sjølve og andre kan få glede av. Det er fortsatt plass, så send inn til Borgny på lysaakergard@gmail.com. Dette blir fint å sjå. Vonar alle lag har noko dei vil vise fram, eller gå saman med nabolaget.
Skjemaer Det er no tid for å sende inn årsrapport og styremelding.  Dette finn de på bygdekvinnelaget.no slik:
https://bygdekvinnelaget.no/sites/bygdekvinnelaget/files/skjema_for_arsr...
Bruk denne linken for å leggje inn årsrapport frå laget. Når dette skjemaet er utfylt går rapporten automatisk til NBK og laga i Oppland kjem ut på eiga liste som blir med i årsmeldinga. Det er berre på denne måten at dykkar lokallag blir med på oversikten i OBK si årsmelding. https://bygdekvinnelaget.no/organisasjonsdokumenter
Inne på denne linken finn du registreringsskjema for nytt styre i lokallaget dykkar etter årsmøte 2019. Fyll ut og lag 3 eksemplar. Det eine sender de til NBK, det andre til OBK og det tredje er til eige arkiv.
Politiske saker og møteverksemd. Det har vore valgår, og våre politiske saker får merksemd. Det er skikkeleg barrikadearbeid å kjempe for skulemat i Noreg, og dei tiltaka som har vore skipa og gjennomførde har vore vellukka. Lesarinnlegget som kom i alle fylket sine aviser fekk kommentarar både som svar i avisen og på sosiale medier. Vi må berre halde fram med det gode arbeidet. Det har vore ein aktiv møtehaust; regionmøta på Dale-Gudbrands Gard og på Toten hotell Sillongen var bra besøkt, og i løpet av desse dagane fekk vi verkeleg fagleg påfyll med kunnskap om kornsorten
Desember 2019
 
bygg og den verdien bygg har i kosten vår. Einar Risvik, forskar på smak og ernæring ved NOFIMA og styreleiar i ”Skolematens venner” delte av sin store kunnskap på ein slik måte at det var enkelt å sette over ein kjele med byggryn når ein kom heim frå møtet… Bygg er dessverre ein nokså degradert del av vårt daglege kosthald. Det er energi rikt (langsom energi som held lenge), kostfiberrikt, har riktig samansetjing av vitaminer, mineraler og antioksidanter, og har ei viktig oppgåve  i ernæring av bakteriefloraen i siste delen av tarmsystemet. Meir bygg i kosten gjev helsegevinst! Det er eit tankekors at om lag 99,8% av Noreg sin byggproduksjon går til dyrefor. Noreg har sunne husdyr! Skulemat vart godt belyst i Risvik sitt foredrag, og vi fekk presentert døme på at skulemat gjev mange positive verknader i skulekvardagen. Betre konstentrasjon, betre balanse i klasserommet, betre arbeidsforhold for både lærarar og elevar, rolegare ungar og meir trivnad.  Begge presentasjonane er vedlagt dette skrivet
Vi var 13 kvinner frå ulike lag i Oppland som reiste til Trondheim på inspirasjonsseminar 8.10.november. Til alle; har du høve og lyst: reis på inspirasjonsseminar om 2 år. Dette var to innhaldsrike døgn med gode foredrag, sosialt samvær, byvandring, underhaldning og  god mat. Heile sentralstyret  og sekretæriatet var tilstades og dei var opne for spørsmål, svar og innspel. Det var eit særs vellukka arrangement!
Folkehelse På årsmøtet 2019 fekk vi folkehelse inn på arbeidsplanen i OBK. På regionmøta no i haust laga vi ein liten hjernedugnad på temaet; kva laga driv med av folkehelserelaterte aktivitetar no og kva den einskilde ser for seg kan vere folkehelsenyttig i framtida. Oversikt og inspirasjonsliste kjem etter styremøte i januar.
 
Valgkomiteen Det lir mot årsmøte 2020, og valgkomiteen startar opp arbeidet sitt med å finne nye representantar til styret i OBK. Det er 3 styremedlemmar som er på val. Styreverv er gjevande, det krev ikkje så mykje tid som ein kanskje trur. Ein treng ikkje ha styreerfaring frå før, men det er fint å vere aktiv i eige lag. Som styremedlem i fylkeslaget er du og regionkontakt for ditt geografiske område med 5-8 lag. Der får du innspel frå lage, formidlar informasjon frå fylkesstyret, deltek på møter og arrangement etter invitasjon og held deg litt orientert om stoda. I styret er vi eitt team. Vi jobbar saman og har ca 6 styremøter i året på bondelagskontoret på Lillehammer. Fint om du seier ja når valkomiteen ringjer eller om du har forslag på ein valgbar kandidat. Kan du tenkje deg ei reknskapsoppgåve for fylkesstyre; les den grøne annonsa på side 1.
 
Med dette vil styret i Oppland Bygdekvinnelag ynskje deg og dine, styre og laget ei riktig god adventstid, ei gledeleg og fredeleg julehøgtid og eit godt nytt lagsår!
 
Helsing frå Marit, Helga, Borgny, Mari Marthe, Kari , Nanna, Kristine, Bjørnhild og Anne Grethe. Jorunn på kontoret og Anne Irene, avtroppande regnskapsførar