Hopp til hovedinnhold

Nordre Land Bygdekvinnelag

Julehelsing


Julehelsing frå Oppland Bygdekvinnelag

Med ynskje om ei god og fredeleg julehøgtid til alle gode bygdekvinner i Oppland! Det har vore eit rart og utfordrande år: fyrst ein bråstopp i mars som sette både distriktet sitt årsmøte på vent, og mange lokallag sine vante aktivitetar vart sett utpå sidelinja. Så måtte kreativiteten i sving for å halde foreningslivet levande,og denne uvante og utfordrande situasjonen sette i sving kreativiteten hjå mange lokallag her i Oppland og over heile landet. Det er funne mange alternative og gode måtar å halde møter på, kurs både for medlemmane og ikkje minst gjennomføre kurs for ungane, bruken av sosiale medier har fått eit skikkeleg oppsving, det har vore laga webinar om ulike tema, produsert smittevernutstyr både i stor skala og for personleg bruk. Fleire har brukt uteområde til møteverksemd og teke vare på kvarandre både med avstand, medbrakt matpakke, men likevel laga gode sosiale møteplassar. Alle lag i Oppland distrikt har avvikla årsmøte for 2020. Velkommen til nye styremedlemmar! Takk for innsatsen til dei som fekk avløysning! Foreningslivet lever på bygda i pandemitida, og så lenge alle fylgjer sentrale og lokale retningsliner for smittevern, så går det bra! Leiarmøtet i haust vart dessverre avlyst – smittesituasjonen endrar seg fort, og det som såg greitt ut da invitasjonen gjekk ut vart brått endre til veldig uforutsigbart når datoen nærma seg – da måtte vi ta hensyn til det. Styret i OBK vonar å få skipa til regionvise leiarmøter på nyåret. Det blir mindre grupper, men samling på tvers av lokallaga i kvar sin region. Vi vonar og at årsmøtet i mars kan gå som normalt. Det ville vere så triveleg! Valkomiteen set seg no i sving, og om dei kontaktar deg med spørsmål om evt å fylle ein plass i styret, så bli gjerne med! Det er ei oppgåve å gjere, og noko arbeid må ein rekne med. Eit ord seier: ”Det blir ikkje noko av ingenting” Juleførebuingane går vonaleg sin gang, julemøtene har sin sjarm, årsplanane er sikkert ferdige rundt om i laga, så snart kan julefreden senka seg! Vi ser framover og ynskjer deg og dine eit riktig godt nytt år! Helsing frå styret i Oppland bygdekvinnelag