Sommartur til Hardanger torsdag 18.juni
Bygdekvinnelaget inviterer til tur til Hardanger torsdag 18.juni. Vi møter opp på parkeringa overfor kaien i Rosendal og fordelar oss i bilar og reiser innover omlag klokka 09:00 og er heime omlag klokka 16:30. Frist påmelding: 10.juni
HARDANGER FOLKEMUSEUM
Turen vår vil først gå gjennom dei vakre bygdene Jondal og Herand og vi
tek sikte på å vera framme ved Hardanger folkemuseum i Utne i halv 11
tida. Der kan vi ta ein fin rundtur ute og sjå på dei rundt 20
bygningane som er flytta hit til museeumstunet. Her syner dei
byggeskikk og levevis heilt frå mellomalderen og til tidleg 1900-talet.
Inne i museet finn vi ei stor bunadutstilling og vi kan sjå tradisjonell
hardangersaum. Her kan vi også sjå landets mest komplette samling
hardingfeler.
Vi kan bestille omvisning på Utne museum. Då vil omvisinga starte når
vi kjem inn og gå føre seg både ute og inne på museet.
Ein omvisning tek ca 1,5 time og kostar 1550, - og må bestillast på
førehand. Omvisinga går føre seg både ute og inne på museet. Sei ifrå
om du kan tenkje deg omvisning enten på Utne eller på Aga når du melder
deg på.
Før vi fortset vidare til Agatunet tek vi kaffi og matpause på museet på
Utne. Kvar og ein kan ta med niste for dagen. Alternativet er å
bestilla mat. Tilbodet på kafeen på museet ser du under her:
I Kafeen:
Salt:
Betasuppa m/flatbrød porsjon kr 149,-
Betasuppa m/flatbrød m påfyll kr 215,-
Dobbel skiva med ost og skinka kr 129,-
Søtt:
Hardangerkling kr 42,-
Gulrotkaka, heimalaga, kr 65,-
Sjokoladekaka, heimalaga, kr 65,-
Rabarbrapai med vaniljesaus kr 90,-
Kaffi/te kr 45,-m/påfyll
Anna drikka kan kjøpast i kafeen.
AGATUNET
Etter museumsbesøket i Utne køyrer vi innover Sørfjorden og neste stopp
blir Agatunet. Agatunet er eit autentisk og freda klyngetun. Her kan
vi mellom anna sjå landets eldste kjende rettslokale og gamal
byggeskikk.
Vi fyller bilar og køyrer i lag frå Rosendal og på grunn av skyss og
eventuelt omvising må vi ha påmelding på førehand og innan 10.juni. Send
SMS til Jane 9176 6143 eller Ingvill 9117 5783 med påmelding og sei ifrå
om du kan køyre sjølv og eventuelt kor mange du kan ta med i din bil.
Vi gleder oss:)
Helsing Jane og Ingvill
Prisar:
Køyreturen per person: kr 200 Vipps til Ingvill som fordelar og vippsar
vidare til sjåførane
Inngang Utne museum: kr 125
Inngang Aga museum: kr 125, vi jobbar for å få sommarpris på Agatunet