Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Mar
13
Mon

Tur til Fatlandskogen

Samla avreise frå Seimsfoss
Marian Thunold    90691301

Turgruppa  inviterer til tur til Fatlandskogen på Halsnøy 
mandag 13. mars.

Her er eit spennande område med mykje å sjå og turstiar som er lett tilgjengelege.  Vi tenkjer oss ein tur i det som blir kalla Naturstien. Her er mange fine dyr og fuglar i tre som Kjell Musland er meister for, informative plakatar om vekst og vilt i skogen her, trivelege sitjeplasser, samt ein «kongeleg utedass»!

I tillegg kan vi også ta turen rundt Fatlandsvatnet ( om det blir tid og nokon har lyst...). Den tek ca. 45. minutt. Reknar med alle tek med litt mat og drikke til seg sjølv slik at vi kan ha ei lita samling rundt langbordet.

Det er også avtalt med Retrobutikken på Husnes at vi kan komma innom der på heimveg på lunsj. Då treng vi veta kor mange som ynskjer påsmurte rundstykker der og eventuelt om allergiar. Kaker skulle dei ha godt utval av fordi om vi ikkje bestilte det på førehand.

Gamle bunnpris-butikken på Seimsfoss kl. 9.30 er startpunkt. Vi fordeler oss i private bilar.

Vil du vera med?

Kan du eventuelt køyra?

Påmelding her eller på telefon til

Bente Haugen  46969919

Marian Thunold    90691301

Else-Mari Huse  41658018

INNAN torsdag 9. mars

Går du inn på desse adressene, kan du lesa meir om besøksmåla våre denne dagen.

[www.fatlandskogen.no](http://www.fatlandskogen.no/)

https://www.facebook.com/RETRO-Brukthandel-Café-1441574959406026/