12.09.23: Bygdekvinnetreff med besøk av logopedtenesta
Ein interessant kveld med besøk av logopedane Christin Sund og Malena S. Skaale
Dei fleste veit at logopeden kan hjelpe barn med talevanskar som til dømes stamming eller slagpasientar som vert ramma av slag og afasi. Denne kvelden fekk vi óg kunnskap om den hjelpa logopedane kan gje andre grupper som får talevanskar når sjukdom rammar.
Logopedtenesta vert dekka av Helfo når henvisning er sendt av fastlegen.
Etter innlegget var det servering av påsmurte bollar, kaffi og te.
Esther informerte om dei kommande aktivitetane i bygdekvinnelaget før vi avslutta kvelden med loddsal.