Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Årsmøte

31.10.22 var det årsmøtet i OBK

Vi møttes til årsmøte i Dalheim 31.10 kl. 19.00. Rundt 40 medlemer møtte fram.

Fyrst hadde vi underhalding av Da Capo jentene som spelte gitar og song for oss. Deretter vart det servert snittar, kake og kaffi før vi gjekk vidare til gjennomføring av årsmøtet.

Styremedlem som gjekk ut av styret, May Brit Undheim og Ingrid Lund, fekk overrekt blomehelsing fra leiar Esther Falk som takk for den gode jobben dei har gjort.