Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Sveinung Grønstøl fortel om garden

Bjørg i stova der ho var på julebesøk som lita jente

Besøk på Undarheim gard


Nitten damer og ein mann fylte stovene på Undarheim gard då Sveinung Grønstøl fortalde gardshistorien.

Første medlemsmøte denne hausten vart halde på Undarheim gard på Husnes. Her losa Sveinung Grønstøl oss gjennom garden si historie frå tida då garden i mellomalderen låg under domkyrkja i Bergen fram til i dag, der Hydro er eigar. Gjennom 1800-talet var det embetsmennene som dominerte på Undarheim gard. Her var det offisersgard og sorenskrivargard. I 1845 vart Mons Lie utnemnd til sorenskrivar i Sunnhordland, og han busette seg på Undarheim gard. Forfattaren Jonas Lie, nest eldste sonen hans, fekk dermed deler av ungdomstida si på Husnes.

Rundt 1860 vart sorenskrivargarden seld, og private overtok drifta. Husa vart ombygde på slutten av 1800-talet, og her vart starta ein husmorskule i 1880. Jentene budde i små rom på loftet, 2 og 2 sov saman i sengene, stor kontrast til dei vakre, romslege soveromma som er innreia i dag. Skulen held fram i 20 år, og jentene lærde alt ei husmor måtte kunna for å styra ein gard.

I 1997 kjøpte Søral husa på garden, og gjennomførte ei omfattande restaurering. Hovudhuset blir i dag brukt av Hydro til overnatting og møteverksemd.