Bygdekvinner på kunstutstilling
Tekst og foto: Marian Thunold
Tysdagskvelden inviterte Omvikdalen Bygdekvinnelag til kunstutstilling i Fonnafjord næringspark.
Så kjekt at vi kunne samlast litt igjen! Tjue damer og ein mann tok turen til Fonnafjord næringspark på Seimsfoss i kveld. Med god avstand, men samstundes med den gode bygdekvinneånda var vi heldige å få omvising på den flotte utstillinga "Fading faces" av kunstnaren sjølv, Karl-Kristian Jahnsen Hus. Ei veldig flott og storslagen utstilling med eit alvorleg tema: Utryddingstrua apekattar og aude landskap. Tankevekkjande! For dei som ikkje har fått med seg denne opplevinga, er utstillinga open både helga 13. og 14. februar og 20. og 21.februar. Ta turen!
Vi fekk også omvising i den nyetablerte Fonnafjord næringspark av Frank Søllesvik. Spennande og kjekt. Kvelden blei avslutta hos Hanne Bakke Berntsen som driv kantina i bygget. Der fekk vi servert deilig gulrotkake og kaffi. Ååå, kor godt det er å få vera litt i lag og få påfyll!