Bygdekvinnetreff
Bygdekvinnetreff i Dalheim 06.09.22
Ein fin liten gjeng møttes til sosialt samvær og inspirerande foredrag av Linda Larson fra Odda.
Bente Haugen og Astrid Måkestad fortalte om det kommande møtet som er planlagt 20. september for å auka stillingsprosenten til Kreftkoordinatoren i kommunen vår.
I kveld hadde vi eit kjekk kveld i Dalheim. Linda Larson fra Odda viste korleis ho laga sunt godteri (råvarebasert utan mjøl og sukker). Ho fortalte oss om bakgunnen for at ho starta med å lage sunne kaker og om bloggen «Livsglede». Etter kaffi og «godtekuler» fortalte Astrid Måkestad og Bente Haugen om det kommande stormøtet som er planlagt 20. september i samfunnshuset i Rosendal. Agendaen er å få auke opp stillingsprosenten til kreftkoordinatoren i kommunen vår. Her er det viktig at innbyggjarane engasjerer seg og deltek på møtet. Meir informasjon om saka vil komme i lokalavisen våre. Oppfordringa vår til medlemene våre er å møta opp mannsterke!!
Treffet vart avslutta med åresal.