Bygdekvinnetreff 8. mars
8. mars, Kvinnedagen, arrangerte Bygdekvinnelaget treff med fokus på NBK sitt prosjekt for kvinnene i Guatemala
Denne kvelden hadde vi besøk av Grethe Brundland som fortalte oss om Maya kvinnene i Guatemala og deira kamp for å bli økonomisk sjølvstendige. Nokon av kvinnene er kaffibønder og før møtet hadde Grethe leita i fleire butikkar i Bergen etter kaffi fra Guatemala. Til slutt fekk ho tak i heile kaffibønner som ho malte opp på eiga kaffikvern før møtet vårt. Vi fekk dermed servert kaffi fra Guatemala! Ho viste og film fra ei kvinne sin kvardag som kaffibonde.Grethe fortalte og om Utviklingsfondet sitt arbeid for å få auka støtte til småbøndene, dette for å bekjempa fattigdom i verda. NBK støttar denne aksjonen og vi vart oppfordra til å signera eit opprop for å få Norge til å doble støtta til småbønder i utviklingsland. Sjå heimesida til NBK der du kan gå inn og signere.
Vi hadde åresal på møtet og inntekta denne kvelden gjekk til prosjektet i Guatemala. Det var og servering av rundstykker og kaffi/te.
Siste post på programmet var kortfilmen "Eit hus, ein heim" som filmskaparen Merethe Offerdal var med og viste oss. Ein rørande film om barnebarnet Merethe som rydda i huset til besteforeldra etter at bestemora døydde av kreft berre 60 år gammal.