Bygdekvinnetreff i Fredheim gartneri
I kveld hadde vi ei kjekk kveldsstund i gartneriet etterfulgt av kaffi og kaker, og blomelotteri i Steinparken
Rundt 50 damer møtte opp i Fredheim Gartneri i kveld. Her fekk vi omvisning av eigar og dagleg leiar Terje Hus. Besteforeldra hans starta drifta av hagesenteret og det fyrste drivhuset stod klart i 1947.
I dag er det 8 drivhus i gartneriet. Mange tusen planter vert dyrka fram og ein stor del av salet går til Coop-kjeda. På denne tida av året er drivhusa fyllt opp av nydelige planter og fargar før plantene ganske snart skal ut i butikkane.
Det anar oss at Terje ikkje har ein 8-16 jobb…
Etter omvisninga var det mange som nytta høvet til å gjere ein handel.
Etterpå gjekk vi den korte turen ned til Steinparken der det var servering av kaffi og kaker, samt blomelotteri som gav ei fint overskot i klubbkassa.