Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Desembermøte




7. desember møttes vi til bygdekvinnetreff i Steinparken. 

Godt påklefdde i kaldt vintervær hadde vi ei fin adventstund i Steinparken. På denne tida er parken pynta med nissar og lys. I tillegg var det mulig å varme seg på varm gløgg med pepperkaker til.

Øyvind Hardeland og Karin Thauland sørgde for stemningskapande toradarmusikk. Karin las i tillegg opp nokre morsomme vers og dikt og Bjørg Frøystein Huse avslutta med eit fint dikt. Det var og loddtrekning på frammøte billetten.