Desembermøte
06. desember inviterte Bygdekvinnelaget til treff i Dalheim. Trubadur og visesongar Jimmy Næs underheldt med visesong, dikt og forteljingar.
Jimmy Næs er trubadur, tekstforfattar, komponist og formidlar, busett i Etne. Han har laga fire viser med tekst av Ingvar Moe. Andre songar han framførte, var songar av Øyvind Staveland, Stanley Jacobsen, Jonas Fjeld og Reidar Brendeland. I tillegg til viser og songar, inneheldt desember-programmet til Næs dikt og forteljingar.
Pepperkaker og gløgg vart servert medan dei oppmøtte koste seg med strålande underhaldning.
Styret diska óg opp med jommagraut og spekemat etter visesongen, før kvelden vart avslutta med ei lita utlodning.
Som bileta viser, var oppmøtet godt.