Distriksårsmøte i Ullensvang
Helga 8. og 9. mars var det distriksårsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag på Ullensvang Hotell.
Det var ein kjekk tur med mykje godt innhald.
- Omvikdalen Bygdekvinnelag deltok aktivt på fylkesårsmøtet
- Helga vart takka av etter 5 år i fy.styret, sit videre som 3 vara
- Gerd Laura vart valt inn i styret (nestleiar)
- Me hadde ei fin stund både før og etter middag, lørdag kveld.
- Lett underhaldning, 16 år gamal jente spela fantastisk på toraderen sin (noterte meg ikkje namnet hennar) Artig Kviss, loddsal med mange fine gevinstar.
- Søndag starta med ei fin forteljing av Bjørn Seljestad. Han fortalde på ein levande måte, historia om bestemora si, Severina Seljestad. Ei sterk ung kvinne som utvandra som ung, men vende heimatt og var med å fullførte Seljestad Hotel
- Opedalstunet v/Erland Opedal fortalde oss på ein framifrå måte historia om tunet. Driftige skapende hender, gjer at familien lever av drifta på garden. Epler og turisme er grunnlaget for deira utvikling og vekst.
Etterpå vandra me til Opedalstunet for sjølvsyn av kreativiteten til ekteparet.
- Lunsj på hotellet og takk for laget.