Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Anne Beth har rikeleg tilgang på brennesle.

Anne Beth fortel om bruken av alm før og no

Surdeigsbrød med tørka brennesle

Brenneslesuppa

Rabarbrakake med spansk kjørvel

Hylleblomsaft

Etande ville vekster


Maikvelden var kald, men det hindra ikkje tjue blide bygdekvinner i å ta turen til Ænes for å høyre Anne Beth Enes orientera om ville vekster som kan nyttast til mat eller lækjing.

På turen rundt gardshusa losa Anne Beth oss gjennom ei rik og interessant plantehistorie. Geitrams, brennesle, skvallerkål, groblad, løvetann, øyentrøst, ramsløk, hylleblom var mellom dei mange plantene vi vart nærare kjende med denne kvelden. Brennesle viser seg som ei plante med mange bruksområde. Ho er rik på ulike vitamin og passar difor godt i mat. Ho kan lagast til gjødselsvatn, og fibrane i stilken kan bearbeidast til garn.

Skavallerkål, kanskje mest kjend som eit irriterande ugras, kan nyttast i salatar (unge, lyse skot). Men dersom du ikkje vil eta han, kan du samla han i eit bøtte, slå på kokande vatn, la blandinga bli lunka før du set føtene dine oppi. Då skal føtene bli mjuke og fine etterpå.

Til slutt var det tid for smaksprøvar. På menyen stod brenneslesuppe med ramsløk og skvallerkål, servert med surdeigsbrød med tørka brennesle. Deretter ei nydeleg rabarbrakake med spansk kjørvel. Denne krydderplanten som smakar litt lakris, gjer at du kan bruka mindre sukker i maten.

Punktum for ein vellukka kveld vart sett med eit lite glas hylleblomsaft.

Tusen takk til Anne Beth som tok imot og delte sin rike plantekunnskap med oss.