Filmpremiere på filmen «Gryteviks-Olino»
11.04 var Omvikdalen Bygdekvinnelag medarrangør når Merethe Offerdal Tveit viste filmen sin om «Gryteviks-Olino»
Ca 160 personar møtte opp i Dalheim på filmpremie!Komiteen hadde ordna med raud løpar og serverte mozell i champagneglas ved inngongen🥂🥳
Etter filmen fortalte Merethe meir om arbeidet rundt filmprosjektet. I filmen var det ikkje plass å ta med alt stoffet ho hadde samla inn. Dette var vi så heldige å få vite meir om.
Vi i OBK synes det var stas å få vere medarrangør for dette kjekke arrangementet! Vi er imponert over den flotte filmen Merethe har produsert. For mange av oss var historien om huset i Grytevikjo heilt ukjent. No er lokalhistorie dokumentert og vi veit litt meir om det livet våre forfedre i bygdo levde.