Forteljarkveld på Tveito
Jens Tvedt (1857-1935) var forfattar og lærar. Han vaks opp i Omvikdalen der barndomsheimen hans no er museum. Vi arrangerte forteljarkveld i Hauahuset på Tveito!
Bygdekvinnelaget har tidlegare vore med å gjort dugnad på Hauahuset, både utvendig maling og innvendig vask i huset. S
om ein motytelse ynskte Sunnhordland museum å gje oss ein forteljarkveld. Torsdag 29.09 arrangerte vi difor forteljarkveld på Tveito. Linda Øen og Johanna Tvedten fra Sunnhordland museum besøkte oss. Linda hadde omvisning i Haua huset, Etterpå samlast vi i Eivind si løe, no selskapslokale. Her fortalte Johanna historien sin om Per i Dosi fra romanane «Vanheppa» og «Brite-Per». Alt framført utan manus, imponerande!! Etterpå var det drøs og servering av kaffi, kaker og frukt.
Ca 55 personar møtte opp på arrangementet. Ein kjekk og vellukka kveld synest vi😊