Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Leik og kos på Holmen


Lauvsprett 4H og Bygdekvinnelaget hadde invitert born fra 1. til og med 4. klasse fra skulane i Omvikdalen og Rosendal til sosialt samvær og leik på Holmen. 

Ca 30 born og nokon foreldre deltok på arrangementet. Flinke 4H medlemer organiserte leikar for dei framøtte. Her vart  det leika både "Slå på ringen" og "Siste par ut" +++. 
Innbakte pølser smakte godt, men mest populært var det nok med Smores. Lurer du på kva det er? Grilla Marsmellows som vert servert mellom 2 kjeks og ein sjokoladebit😋