Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Mai-møte

Kvart år arrangerer Omvikdalen Bygdekvinnelag mai-møte,
der vi har eit tema knytt til hage og planter.
I år gjekk turen over til Magrete Ask på Hatlestrand,
og tema for dagen var «Mat og drikke frå hagen».

 

Flotte peonar

Torsdag 30. mai var ein gjeng med kjekke damer frå Omvikdalen bygdekvinnelag på besøk hos Magrete Ask på Hatlestrand. Me vart raust ynskt velkomne og tekne med rundt i den spanande hagen på Ask. Mange ulike planter og trær, pryd- og nyttevekster var det der. Veksthus, paviljonger og hytte var sett opp rundt bustadhuset. Noko for kvar ein smak. Her kunne du slappa av attmed peisen, kikka på moskusender i dammen, nyta utsikten frå ein benk eller sitja godt i drivhuset og smaka på alt det gode som var «trylla» fram av tidlegare avlinger.
Ho fortalde om arbeidet med å byggje opp hagen, frå skog til småbruk. Spanande å sjå og høyre kva dei har fått til.
Helga og Else Mari hadde med gjærbakst som smaka godt.
Tusen takk for at me fekk komme og takk for bevertning!

 

Tekst og bilete: Marianne Hovda Gausvik