Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Laurdag 22.08 var Omvikdalen Bygdekvinnelag medarrangør til «Open Gard» i Revuro saman med Bondelaget og 4H.

Open GardCa 750 personar besøkte garden, der det var mange kjekke aktivitetar for små og store. Laget vårt stod for matlaging og servering av jommagraut, mjølkekaker og potetkaker. 
Grautkokarane var i sving på kjøkkenet fra tidleg morgon og fekk mykje skryt for den gode grauten. Tidleg «på an» var og dei kjekke damene som hadde laga mjølkekaker for salg, i tillegg til dei kakene som vart steikt under arrangementet. Og ut fra etterspørselen smakte kakene godt😋
Andre medlemer bidrog med sal og kaffikoking.