Tur i Neslia, Rosendal
1. juni arrangerte turgruppa rusletur på turstien i Rosendal.
20 bygdekvinner møttes i Røynholm til rusletur og sosialt samvær. Vi gjekk den fine turstien som dei ulike velferdslaga i Neslia har laga til. Denne turen kan anbefalast alle, ein fin grusveg langs stranda med nydelig utsikt. Vil ein gjera turen lengre, er det fin tursti i skogen ovanfor byggjefeltet. Vi var og ein avstikkar innom Rosendal hyttetun, som er under utbygging. Vi avslutta turen med heimebakst og god drøs.