VÅR DAG, markering av Frivillighetens år
18. oktober markerte vi «Vår dag» i «Frivillighetens år». Tema var berekraft og mangfald
Denne kvelden hadde vi besøk av Sosan Asgari Mollestad fra Norges Bygdekvinnelag. Ho kom sjølv til Norge som flyktning frå Iran i 1985. Sosan fortalte oss om prosjektet «Kvinner Ut – meistring og kompetanse». Norges bygdekvinnelag vil bidra til å styrkja minoritetskvinner sin kompetanse, og gjennom dette bidra til inkludering, auka deltaking i samfunnet og betre høve for sysselsetting.
Kjersti Hjelmeland snakka om berekraft og kortreist mat. Ho gav oss mange tankevekkande innspel, blant anna om å vere bevisst på dei matvala vi gjer i butikken. Men og problemstillingane rundt den korte vekstsesongen vi har i Norge jmf myndighetene sitt mål om å auke det plantebaserte kosthaldet. Kjøtproduksjon gjev kortreistmat og beitedyr tek vare på kulturlandskapet vårt.
Birgit Hjelmeland heldt og eit flott foredrag om berekraft og tradisjonsmat. Som dei fleste veit driv ho «Baketunet» heime på garden på Hjelmeland.
Denne kvelden fekk vi servert festmat fra Brasil, Colombia, Syria og Norge. Sônia Brito Hjelmeland, Iara Da Silva Sá, Yossira Gjuvsland og Rasha Aaraj som alle er kvinner med innvandrarbakgrunn, hadde laga nydelig mat til oss fra sine opprinnelsesland. Helga Fossheim hadde steikt mjølkekaker som representerte den norske tradisjonsmaten.
Kvelden avslutta vi med loddsal til
inntekt for prosjektet «Kvinner ut» i Guatemala.
Ein kjekk kveld med godt oppmøte🌸