Jul
03
Mon
AVLYST! Bli kjend på Flesebekk og Donsen
Avlyst pga. av regn og vind, men me satsar på betre ver på neste tur i august.
Ha ein fin sommar!
Klar for tur frå Flesebekk til Donsen? Me kryssar fingrane og håpar på godt vêr!
Turen startar kl. 18.00 på Flesebekk i enden av Solheimsdalen, og vil du køyra saman og samla, kan du møta opp på Eliastunet. Avreise 17.30.
Dei som vil, kan gå heile strekninga Flesebekk - Donsen - Flesebekk som er 6 km. Dei som ikkje vil gå så langt, køyrer til enden av Rauåvatnet. Då er det 3 km tur/retur Donsen. Me får med lokal guide som fortel historier frå området.
Finn fram joggeskoa og bli med! Har du nokre nye landsmenn i nabolaget? Inviter dei med på tur i god bygdekvinneånd.