Aug
26
Mon
Bli kjent i Sirekrok
Me møtest ved bommen på vegen til Lysebotn kl. 18.00 og går opp til Kilen. Det er om lag tre kilometer på grusveg.
Det er ingen fastbuande i Sirekrok i dag, men me får høyra om den tida det var det, og får sjå den spektakulære dammen.
Mange hugsar nok fjordingen som stoppa folk som ville til Grydalen. Prøvde du å køyra forbi på eine sida, flytta han seg litt. Prøvde du å køyra forbi på andre sida, var han der òg. Han stod fjellstøtt til han fekk litt mat…
Eit steinkast bortanfor ligg Kilen, ein dam der det ofte kan vera eit spektakulært syn når det er mykje vatn og det renn over.