Årsmøte med prisutdeling
Årsmøtet 2022 blei innhaldsrikt med årsmøtesaker, utdeling av prisen "Årets hverdagshelt" og premiering av ivrige turgåarar.
15 kvinner møtte opp på "lemmen til Helga" til årsmøte med gjennomgang og godkjenning av årsmelding, rekneskap og budsjett 2023 og val av nytt styre. Soneleiar Solveig Marie Ådneram informerte om saker frå Rogaland og Noregs bygdekvinnelag.
Etter endt årsmøte vart prisen ÅRETS HVERDAGSHELT 2022 delt ut. Leiar Tone Kvinen seier "Det var en glede å overrekke denne prisen til Kate og Steinar Tjomlid! De har i alle år hatt et brennende engasjement for andre mennesker og skaper møteplasser der alle blir inkludert med et stort hjerte. Deres utrettelige kamp i forhold til "Hold Sirdal ren" er beundringsverdig. De er på alle måter dedikert til en slik pris under Frivillighetens år!" Kate Tjomlid var invitert for å snakka om miljø- og søppelplukkingsengasjementet sitt, og ho møtte eit lydhøyrt og interessert publikum.
Les gjerne meir på https://www.sirdalmedia.no/2022/10/13270/
Men det var ikkje slutt med det! I løpet av vår og tidleg haust har bygdekvinnelaget arrangert seks bli kjend i bygda-turar frå Ovedal i sør til Haugen i nord. Det har vore totalt 66 deltakarar på turane, der 15 av dei er medlem i Sirdal bygdekvinnelag. Det var sett opp premiering blant dei som hadde vore med på alle (flest) turar, og det hadde Rita Røynestad og Ragna Netland Lindeland. Etter loddtrekning stakk Ragna av med gåvekortet frå Hekta bakeri. Ho var veldig nøgd med både premiering og turar, og trekte fram turen i Ousdal som høgdepunktet i år.
Nytt styre i Sirdal bygdekvinnelag er Åsne Lilledrange Fjeldsaa, Frøydis Kvinen, Tone Kvinen, Gro Nilsen og Monica Ovedal, med varamedlem Siri Fidjeland og Anne Grethe Nerheim Ådneram.