Basar 16. mars 2018
Sirdal bygdekvinnelag arrangerer basar kvart år før påske, og i år vart det 16. mars, med godt oppmøte av både små og store!
Det var kjøpt mykje lodd på førehand, oppmøtet var godt og gevinstane, både på barnebordet og vaksenbordet, var mange! Dessverre var interessa så stor for å kjøpa årer, at me ikkje hadde mange nok, men me lovar å gjera det betre neste gong.
Bygdekvinnene ville nytta overskotet til hjartestartar til Sirdal skilag og Sirdal skiarena, og sjekken vart overlevert til Arne Tjørhom allereie veka etter. Me vonar dei ikkje får bruk for gåva!
Tusen takk til alle gode hjelparar som støttar med gevinstar, arbeidsinnsats og kjøp av lodd!