Bli kjend- tur
Guddal
Liland
Gammalt gardshus
Liland
Gammal låvetråpp
Liland
Lang, lang rekke

Blei kjende i Guddal og på Liland

I sol og litt vind møtte 26 bygdefolk, både jenter (2) og gutar (2), damer (20) og menn (2), opp for å bli betre kjende i Guddal og på Liland ved hjelp av Anne Turid Rostøl og Tor Arne Liland.

Anne Turid byrja med å fortelja om befolkinga- og jordbruksutviklinga på Guddal, og spedde på med dramatiske historier om ras og folk som omkom på tragisk vis, medan me hadde utsikt mot bygda.

Etterpå gjekk me langs vegen mot Liland med utsikt til skog, elva med flotte berg og badeplasser og glatte, bratte fjell. Etter kvart fortsette Tor Arne å fortelja om folk og fe, før og nå på Liland.

Det vart same veg tilbake, der me fekk servert skuffekake og lapper med jordbærsyltetøy. Tusen takk til guidar og bakarar!

Bli medlem