Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Sirekrok
Sirekrok
Sirekrok
Kilen
Kilen
Kilen

Blei kjende i Sirekrok

Siste måndag i august møtte 20 personar i Sirekrok for å få vita meir om garden og området.

Anne May Kronfeldt Sirekrok fortalde om garden og dei tre brørne som budde der, Sigbjørn, Ådne og Torjus, samt systera Gerd som gifta seg til Solheim.

På garden hadde dei sau, geit, kyr og hest. Mange hugsar nok hesten som blei kalla Tollaren, som ville ha noko mat før du fekk passera på veg til Lysebotn. Nokre kom aldri så langt, for dei hadde ikkje mat i bilen…

Sigbjørn hesja i alle år, både heime og på stølen Ånestøl. Dei hadde to stølar, og den andre heiter Fisketjødn.

Det kan forteljast mange historier, men ein vinter dei gjekk over Ortevatn for å koma på skulen på Fidjeland fall ein av dei gjennom isen.Han blei dratt opp, dei gjekk heim, skifta klede og gjekk til Fidjeland på skulen etterpå. 

Etter historiene gjekk alle opp bakken til Kilen dam som er ein betongslam. Den er i to delar, der den bua delen er ein hvelvdam og den rette delen blir kalla platedam. Han er tre meter brei i botnen og blir smalare oppover.

Det byrjar bli nokre år sidan sist det fløymde over, men det er magisk når det skjer.