Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Kvæven
Kvæven og Deg
Kvæven og Deg
Tollko-hedlaren
Tollko-hedlaren
Deg

Blei kjende på Kvæven og Deg

Vi starta ved Sirdal fjellmuseum og gjekk til Gamlestova på garden Kvæven.

Her fortalte Tore om garden og gamlestova si historie. Stova er frå 1858. Så gjekk turen vidare inn til Degdammen der me mellom anna fekk høyra segnet om Tollkyrkje-hedlaren, eller Tollko-hedlaren.

Etterpå tok nokre ein avstikkar for å sjå på det oppgraderte inntaket ikkje langt frå båtopptrekket. Du skimtar det nede til venstre på det siste biletet.

Flott tur i godt og varmt vêr. God forteljar og 15 blide damer og menn som var med på tur.