Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Sandvand
Sandvand
Sandvand
Sandvand
Sandvand
Oddvar Galdal
Sandvand
Sandvand
Sandvand
Sandvand
Sandvand
Sandvand
Sandvand

Blei kjende på Sandvand

Sesongens første bli kjend-tur samla 27 damer ved Sandvand. Der møtte Oddvar Galdal oss for å fortelja om området og visa veg.

Turen gjekk i lett yr litt på sti og mykje i løypetraseen sonen har laga til i området mellom Sandvand, Seljord og Birkeland. Nå er både Seljord og Birkeland ein del av garden Sandvand. 

Løypene er laga til hytteturistar og andre, og gjev ein variert tur anten ein er på ski eller ikkje. Etter omlag fire km med start frå parkeringsplassen ved ei badestand, ende me opp ved ei av dei andre flotte sandstrendene. 

Undervegs fortalde Oddvar Galdal om bruket Sandvand, om jenta frå Seljord (i Sirdal) som gøymde seg i Gjeidloustona og fødde eit barn der og dei to som ikkje fekk gifta seg før etter tretti år.

Som namnet seier, er det mange sandstrender rundt vatnet, men me ventar med å prøva dei til det blir litt varmare i vatnet.

Ein stor takk til Oddvar Galdal som tok oss med på rundturen! Han syntes det var stas å vera saman med så mange damer på tur, men både barn, unge og menn kan vera med. Kanskje på neste tur...

Litt om Sandvand, som dei lokale brukar, medan det blir òg skrive Sandvatn.

Sandvand ligger øverst i Gyland, ved rv 42. 

Her er rasteplass, og badestrand. Stranda er flott for de aller minste siden det er fin sand og langgrunt. Det er også flåte som ligger utpå og denne benyttes flittig av de litt større.

På Sandvand i Gyland ligger ett av de mest interessante gårdsanleggene i Vest-Agder. Langhuset, eller låna, på Sandvand er over 40 meter langt og har hele 12 rom/funksjoner på rekke og rad: stove, forstove/kammers, kjøkken/bryggerhus, svol, kufjøs, stall, sauefjøs, aggegulv/aggtrev, høyløe, låve, kornlåve og lagerrom. Den meget spesielle bygningen er datert til slutten av 1820-årene. Sandvand-anlegget er under fredning, og det har vært utført omfattende restaureringsarbeider her. (https://sites.google.com/site/gylandsportalen/utgaatte-sider/severdighe…)

Kanskje blir det besøk i langhuset òg ein gong.