Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom
Tjørhom

Blei kjende på Tjørhom

Siste tur før sommarferien og bygdekvinnelaget lokka med ei overrasking…

Det førte til at 31 personar vart med Helga Hadland på tur frå helsehuset gjennom Tjørhomsgarden til Solbjørg Tjørhom og hagen hennar. Der såg me bilete av då alle slettene på Tjørhom var dekka med hesjer. Det tok heile sommaren å få tørka alt graset, når ein brukte hest og handemakt. Nå klarer ein det på ein dag eller to eller tre…

Så bar det nedover slettene mellom nyslåtte vodlar. Damene var samde om at det tidlegare hadde vore ti gardar med molkekyr, medan det nå er att fire gardar som driv med sau.

Framfor oss låg Tjørhomstølsknuden som tronar over Ousdalsstølane, og bak oss ‘’indre Tjørhom’’. Gardane der hadde stølane sine i Beinesdalen.

Til venstre bar det, til badeplassen, Vegariania og brua Sira-Kvina bygde for Ousdalsstølane. Nå er det ingen som slår på stølane…

Ikkje så lenge etter fann me brukara til den gamle brua over til Solheim, som Helga seinare viste bilete frå 1934 av. Då hadde me gått langs Sira og sett over til Sageneset, før me tok beine vegen inn på ‘’Lemmen til Helga’’. Der venta Torbjørg Haugen oss med lappar m/rømme og syltetøy og kaffi. Heldigvis hadde ho kaldt vatn òg etter ein fin og sommarvarm tur. Tusen takk!