Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Arrangørane

Arrangørane representert ved Solbjørg Tjørhom, tolk Magda Åtland, Tone Ø. Kvinen, Tor Arne Liland, Andreas Liland og Gry Iren Josdal

Tøri Kvinlaug

Tøri Kvinlaug song og spelte gitar

"Tenn lys" resitert på ukrainsk og norsk

David Tesorero Garnica song og spelte gitar

Forsangarane

Forsangarane Solveig Bøgwald Karoliussen og Oda Uleberg

Julenissen kom

Juletregang

Gry Iren Josdal og Solbjørg Tjørhom losar oss gjennom rette svar på kvissen

Ukrainske dansarar

Ukrainske dansarar

Tor Arne Liland frå Sirdal bondelag

Sissel Agathe Bøe leia allsong

Godt nytt år!

Internasjonal nyttårsfest

Og internasjonalt vart det! På avslutningsinnslaget fekk me ‘’Godt nytt år!’’ på ukrainsk, tsjekkisk, bulgarsk, tysk, spansk, latvisk, estisk, engelsk, fransk, eritreisk og dansk.

Nærare 150 små og store fekk med seg mange flotte innslag, matservering og, sjølvsagt, besøk av nissen i løpet av ein torsdag ettermiddag. Det var ikkje plass til gang rundt juletreet sidan det var så godt oppmøte, men då gjer ei søyle same nytta.

Sterkast inntrykk gjorde nok dansen til Erika og Veronika der dei dansa livet i Irpin før og etter krigsutbrotet medan bilete av byen før og etter vart viste på storskjerm. Då var det mange som måtte tørka tårer.

Sirdal bondelag ynskjer å hjelpa dei krigsramma i Ukraina, og gjev eit godt bidrag, samstundes som dei vona mange på den internasjonale nyttårsfesten ville gjera det same gjennom eit bidrag via vipps til Sirdal Bondelag. I Ukraina trengs det m.a. aggregat, og det går ei hjelpesending frå Agder i slutten av månaden.

Takk til Sirdal vaksenopplæring, Sirdal bondelag og Sirdal bygdekvinnelag for eit godt initiativ, og til alle som har bidratt med bilete.