Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Julesamling
Julesamling
Julesamling
Julesamling

Julesamling med bondelaget og Sau & geit

Det blei som vanleg ei kjekk julesamling med mykje god julemat, underhaldning og sosialt samvær for over 80 medlemmer i Sirdal bondelag, Sirdal bygdekvinnelag og Sirdal sau og geit 27. november.

Både (kanskje) komande bønder og dei med mykje erfaring møtte opp til samlinga på Tonstadli, og det blei mykje god drøs rundt borda. I tillegg var det helsing frå m.a. nytilsett landbruksrådgjevar Kjell Øyvind Berg, leiar i bygdekvinnelaget, Tone Østtveit Kvinen, og ordførar Jonny Liland. "Flere av talerne la vekt på betydningen av å ta vare på hverandre, særlig i en travel førjulstid. En enkel telefon eller en kopp kaffe og pepperkaker med en nabo kan bety mye, var budskapet", skriv SirdalMedia, noko Sirdal bygdekvinnelag skriv under på.

Noregsmeistrane i ljåslått, Ola Sigurd og Alf Skreå, fekk gåver og blomar, og André Nedland halde ein flott countrykonsert, før det vart basar med mange og fine gevinster sponsa av lokalt næringsliv.