Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Landsmøte 2024

Landsmøte i Ålesund 7.-8. juni 2024

Noregs bygdekvinnelag gjennomførde landsmøte i Ålesund 7.-8. juni 2024.

Rogaland bygdekvinnelag kunne delta med åtte (8) delegatar, og mest heile styret var med. Dessverre kunne ikkje ein av leiarane, Ingrid Haugstad Håland, delta, men då blei observatøren frå Sirdal bygdekvinnelag delegat i staden.

Ann Karin Hammer (bakerst på biletet) halde orden på Rogalandsgjengen. Elles var Anne Kristine Lilleskog Andersen, Astrid Skretting, Åse-Berit Fidjeland, Tone Østtveit Kvinen og Siri Elisabeth Skagestad med.

Sirdal bygdekvinnelag og Rogaland bygdekvinnelag hadde fått ei sak opp på sakskartet, var Tone Østtveit Kvinen med for å fronta denne, saman med Buskerud og Aust-Agder bygdekvinnelag. Trass god førebuing og engasjement frå talarstolen, fekk me dessverre ikkje gjennomslag for saka om tredeling av kontingenten, men me står på vidare!

Uansett var det spanande å vera med på landsmøte! Takk til Rogaland fylkesstyre for at Tone og Siri fekk vera med!