Mykje smak i små planter
Ein tysdag ettermiddag tidleg i mai var ein fin gjeng på tur til BL Mikrogrønt på Gyland.
Her dyrkar Borghild Fjeldsaa og svigermora, Linda Nedland, mykje godt og velsmakande mikrogrønt, mellom anna basilikum, ruccola, brokkoli, sennep, reddik og erter.
Det var veldig kjekt å sjå korleis dei dyrkar og spanande å smaka. Det blei ein del korger med mikrogrønt som fann vegen heim til Sirdal! Tusen takk for oss!