Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Peparkakebygda 2020

Tømmerhuset til Signe og moster

Peparkakebygda 2020
Peparkakebygda 2020
Peparkakebygda 2020
Peparkakebygda 2020

Den eine av vinnarane

Peparkakebygda 2020

Peparkakebygda 2020


Biblioteket og bygdekvinnelaget trudde mange hadde god tid til å laga peparkakehus, men det var "berre" åtte som ville stilla byggverket ut på Sinnes. Kanskje pga. smittesituasjonen.

Det kom inn mange kreative bidrag, og variasjonen var stor; alt frå hundehus til stor pakke til spark til sjuspann med slede og Hilleknuten med tårn. Eitt av dei første bidraga som vart levert inn, var tømmerhytta til Signe og moster, og dei vart trekte ut som vinnarar. Gratulerer! Det var berre førstnemnde som var til stades på årets variant av juletrefest og kunne ta imot premien. Som fleire år tidlegare, var det kinobilettar for to levert av kulturkontoret/Sidal kommunale kino. Alle bidragsytarar fekk ein pose Nonstop som takk.

Juletrefestdeltakarane i 1.-4. klasse var rungande samde om at det må bli peparkakebygd neste år òg, vonleg utan smitterestriksjonar, så nå veit de kva de skal gjera tidleg i desember i 2021!

GOD JUL!