Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Peparkakebygda Sirdal 2018

Peparkakebygda Sirdal 2018


I år var det femte gongen skulebiblioteket på Sinnes skule og Sirdal bygdekvinnelag "lagar" peparkakebygd, og det kom inn 13 bidrag.

Både duft og syn gav julestemning når ein kom inn på biblioteket, der det var alt frå dyrehage til bil til Rapuntzel sitt tårn til Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom til oljeplattform til store og små hus.

Alle som hadde levert inn bidrag, vart takka på Sinnes skule sin juletrefest onsdag 19. desember, og det same vart bibliotekar Vigdis Vårdal som byggjer opp peparkakebygda. Eitt av bidraga vert premiert, og sidan det ikkje er ulike kategoriar eller kriterium, vert vinnaren trekt blant alle bidraga. I år vann ein av ei yngste bidragsytarane, Ingrid Sinnes, og dyrehagen ho hadde laga. Gratulerer!

Neste år blir det heilt sikkert ein ny sjanse!

801.jpg 796.jpg 794.jpg 795.jpg 792.jpg 797.jpg 789.jpg 799.jpg 790.jpg 819.jpg