Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Eg er - om språk og identitet

Språk og identitet


Lesesirkelen besøkte utstillinga ''Eg er'' frå Nynorsk kultursentrum på Kvæven bygdetun 8. desember.

Ingeborg Selma tok imot oss og innleia om nynorsk språk og identitet. Dermed var diskusjonen i gang, men me måtte jo studera plakatane og tekstane i fotoutstillinga, før me avslutta med ein videoinstallasjon der mellom anna Linda Eide snakka om sin nynorske identitet.

Det var ei interessant utstilling, og samtalen om identitet og språk fortsette rundt bordet med litt godt i koppen og julekaker. Her ksn ein diskutera norske dialekter, dialektbruk i andre land, høgt og lågt språk, nynorsk og bokmål, språk i massemedia, identitet og mykje meir.

 Me avslutta med opplesing av nokre tekstar om identitet, m.a. "Jeg ser" av Sigbjørn Obstfelder, "Tung tids tale" av Halldis Moren Vesaas og "Mauren" av Inger Hagerup.