Årsmøte 3.november 2020
På årsmøte vårt møtte 18 medlemmer.
Dette har vært det 18.året for leiaren vår Gunvor. Endelig fekk ho avløysing. Brynhild Riise overtok klubba og takka for tilliten, "men kan ikkje lova eg blir leiar like lenge som Gunvor".
Kari som har vært skrivar i 23 år, las opp årsmelding og vi har ikkje vært med på mye dette året, som sjølvsagt skyldes situasjonen vi alle er i. Vi har ikkje vært på skulen og hjulpet til, men heldigvis fikk vi med oss skulefrokosten til heile skulen i februar!
Kaffepause blei det med medbrakt nista.
Margot las et stykke frå Helg i Hardanger som heiter "Lille Ven". Veldig fint stykke. Gunvor og Kari las og et stykke.
Lillian takka Gunvor for fine år saman, og håpa ho ville komme med nye innspel til møtene våre, sjøl om ho nå trer ut av leiarjobben.
Karin overakte blomar og gåvekort til Gunvor.
Vi tenker alt på basaren i november neste år. Fleire strikker til den.Så får vi krysse fingene til at alt kommer til å bli bra igjen.
ÅRSMELDING 2020.
I dette rare året har vi hatt 3 styremøter og 6 medlemsmøter. Det har vore 28 medlemer. 1 har meldt seg ut, og fått 2 nye.
Laget var 70år i 2019, då hadde vi jubileumsmiddag på Tjødnadalen Gard i desember.
Arbeidsåret starta med strikkekafe og basar i november 2019. Me hadde også strikkekafe i februar. Det er veldig kjekt, då unge og eldre kjem med strikketøyet sitt og praten går rundt bordet. I januar hadde me bakedag for medlemmene, 19 stk. deltok. Det blei steikt potetkaker, nordlandslefser, og "Røldalskling". I kaffepausen smakte me på baksten. Mykje av det me hadde på årsplanen har vi satt på vent. Det som me syntes er mest synd, er at me ikkje kan gjera det me hadde tenkt i lag med elevane ved skulen. Som koking av Veitlagraut med 6.klasse, lappasteiking og strikking med 4.klasse, laga betasuppe med 1.klasse. Heldigvis gjekk skulelunsjen som planlagt, då den var før koronaen kom.
På årsmøte til HBK var det to utsendingar, som i år var nettmøte.
Me har fortsatt utleige av konfirmantbunader til gutar i lag med Odda Bygdekvinnelag. Brurebunaden kan leigast gjennom Odda Husflidutsalg. I september hadde me ein tur på "Krististien" rundt Løyningsvatnet i eit nydeleg haustvær.
Dette året hadde me som tema å strikke og tova underlag til å bruka på møtene.
3 av medlemene var i møte med HF, lokalavisa vår, og fortalde om laget vårt. Det var bilder og tekst som fylte 2 sider. Epleturen går ut, men me har bestilt epler og honning, 3 medlemer køyrer ut og henter det.
Me har svart på høyring om HBK årsmøte skal ha ny form.
Me har kjøpt mange fine bøker til den nye barnehagen i bygda.
I forbindelse med verdas matvaredag snakka me om kva som blei gjort med innmaten av sauen før og no på eit møte. Dette blei nedskrevet, og er no på nettsida vår, der det også er bilder.
Kontakten med Skare barneskule er fortsatt like god, tross den rare tida me er inne i.