Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

BASAR

28.november 2021 var det duka for basar med bygdekvinnene.  Me hadde då sete to veker på Jokerbutuikken i Skare og selt lodd. Godt utstyrde med munnbind og ullpledd over beina.  Me selde godt med loddar.  Sundag 28.november møtte alle bygdekvinnene som kunne på grendahuset og var med å laga til basar.  Maten var fingermat - kaker og bollar- og allle hadde bakt.  Det møtte masse folk til basaren - alle borda me hadde dekka vart fylte. Me "kvinnene" gjekk rundt med munnbind og selde årar.  Fire omganger med åresalg og ei mat/kaffi/saft økt midt immellom.  Hovudtrekninga-det som var selt på bøkene- med hovudgevinst gåvekort på kr 4000, vart trekt til slutt.  Masse flotte gevinstarblei fordelte.  Mange vann og nokon ikkje. Alt i alt ei god stund for alle som var der og ei god inntekt  som vil komme bygda og dei som bur og lever her til gode saman med andre gode formål. Takk til alle.