Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

EPLETUR 20.10.21

Vi var 16 damer som møttes i Moen då vi skulle reisa  til Sekse for å kjøpa epler og honning-  dette har blitt ein årleg tradisjon, bortsett fra ifjor då vi måtte begrensa oss til 2 bilar grunna koronaen.

Dei fleste fann fram til Reidar Sekse sin gard- medan nokre av oss var på ville vegar og havna på Lofthus.  Det vart handla kassevis av Aroma og Elstar epler og vi var velkomne att til nester år-

På førehand hadde vi tinga plass på Kompaen på Lofthus for ein sein lunsj (kl 14.00). Maten fall i smak, og kake/dessert til kaffien var avslutninga på eit godt måltid. Her hadde vi og høve til å handla diverse ostar og kjeks/bruchetta, så eg trur vertskapet var særs nøgd med besøket vårt.

Alle var einige om at vi hadde hatt ein koseleg dag.

Brynhild