Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

HAUSTTUR I NÆROMRÅDET.

5 damer frå SBK hadde ein fin tur i eit nydeleg haustver på "Kristinstien" rundt Løyningsvatnet. Sola skein, og naturen viste seg fram i flotte haustfargar. Det var vått i terrenget, men det var lagt ut plankar til å gå på. Flott jobb av medlemene i turlaget, for det meste damene. Det var benkar til å sitte på fleire plassar, slik at ein kunne ta ein kvil å nyta naturen.

Då vi var kommet rundt vatnet, var vi oppe hos Ingunn Løyning, medlem og guide for turen vår. Her fekk me kaffe.

Helsing Kari.