JULAMØTE 7.12.2021
I år (2021) klarte vi å laga til julamøte. Det var i den perioden samfunnet var litt opnare. Mange av medlemmene møtte til fint pynta bord og mykje godt på. Kjøkkenkomiteen hadde laga god risengrynsgraut med mandel (2 stk) og dei heldige vinnarane fekk marsipangris..Etter grauten vart det servert kaffe og nydelege kaker. Litt møtestoff blei det tid til men mest gjekk praten rundt bordet om alt mogleg interessant og kjekt. Mange hadde ikkje snakkast på lang tid - det syte pandemitida for.- så difor var det ekstra kjekt å treffast no. Alle hadde innpakka gåver med så det blei ei spennande stund med trekning. No er det nå slik at nokon er "råare" til å vinna enn andre og slik var det no og. Me avslutta møtet med song og alle tykte det hadde vore gilde timar.