Me var saman med 4H og laga til "Skarefarmen" i Odda
Lørdag 6.april var me ein gjeng frå bygdekvinnelaget som hjalp 4H arane som hadde laga til "Skarefarmen" i Odda. Det var grunna teaterstykke som skulle visas samme kveld om Albert og Leonie. Alle i Odda blei bede om å kle seg ut i gamle klede og ein del hadde gjort det.
2 kveldar før hadde bygdekvinnene laga veitlagraut som 4H arane fekk inntekta av. Me hjalp til med salg. Sjølv hadde dei laga flatbrød, "pikekyss", karameller, nordlandkaker, sjokoladekaker, og på stand blei det laga deilige lappar. Dei fekk solgt ut alt sammen! Forskjellige leikar hadde dei også laga til.
Me hadde det kjekt sammen denne dagen.