Første møte i det nye året.

Medlemsmøte

Så er det påan igjen.  21 medlemmer var samla til møte i store salen på Grendahuset. Formiddagsmøte i dag. Gunvor ynskte velkommen og dagsorden  vart sett. Vi fylgjer stort sett faste rutiner.  Det som skjer'vert nedskreve og referert av skrivar på neste møte.

Vi fekk servert gode vafler som vanleg. Mellom mange saker blei nytt kurs i flatbrødbaking drøfta. I den samanheng vart oppskriftene som me brukte på kurset ifjor, etterlyste. Underteikna skulle skriva ned og formidla vidare. Det har vore gløymt- men kjem her:

Oppskrift Torb/Johanna:  2kg potere kokast og malast.. 1 ts salt pr. kg potet . Kna i litt rugmjøl. Setjast bort natta over.

                                         Kna i 1/4 l vatn. 1kg sikta rug.  750 g grov kveite. i ts salt. Kna godt.

Oppskrift Brynhild(Boka vår) :  5kg potet- males- (1 ts salt pr kg).  1 kg sikta rug>(11/2kg).      3/4 l vatn.  1 kg sammalt kveite (grovmalt). 1/2kg sammalt rugmjøl.

Solfrids oppskrift fra Sogn :  2,4 l vatn. 8ts salt. 1kg bygg. 1 kg sammalt rug grov/fin.  1 kg sammalt kveite grov/fin.

 

 

 

møte
Bli medlem