Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Møte 3.oktober

Gunvor ønska 19 medlemar velkomen. Ho åpna møtet med å lesa eit stykke av leiaren i NBK.

TV aksjonen 2023 Redd barna. La barna leva i fred. Gunvor og Anne Torill møter som kontaktperson 5.oktober på Odda rådhus for samarbeidsmøte. Gunvor har kontakta dei andre laga i bygda for hjelp med bøssebæring/sjåførar til aksjonen 22.oktober.

Dersom me vil ha krotabaking igjen så har Margot ein flyttbar ovn. Det blei forslag om baking på skuleplassen til våren. Då kan elevane og få væra med. Ellers får vi og være i gamleskulen og baka.  

Songkvelden som Odda Mållag skulle arrangere i Skare, er utsatt til våren.

Ingunn refererte frå strikking med 4.klasse. Fira medlemar møtte opp for å læra elevane å strikka. To elevar var sjuke, så då var det bare tre elevar denne dagen. To gutar og ei jente. Dei var overraskende flinke og lærte fort.

16.oktober hjelper vi 1. og 2.klasse med laging av betasuppe Då får dei hakka og skjære opp grønnsaker, kjøtt og pølser. Når alt er ferdig, dekker dei bord og vi smaker på betasuppa.  

Margot Skare som har vært leiar i mange år tidligare, møter opp på møtene snart 91år! Utrolige Margot!

Komiteen hadde laga til flotte bord og gode vafler. Blomaroppsett som var så flotte at me var inn til skulen med ein etter at møte vårt var avslutta.