Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

God handvask før jobbing.

Lærer Torlaug er innom og ser på ivrige elevar.

Full konstrasjon.

Klipping av stoffremser. Her forbereder elevane til veving.

Anne Gurid hjelper elev. Rektor følger med.

Flinke elevar hjelper de yngste på symaskin.

Kari Anne hjleper til.

Fine puter blei laga.

PROSJEKT NØYSAM.

Då me i Skare bygdekvinnelag på seinvinteren tok kontakt for å oppretta eit samarbeid med skulen kring vår nasjonale satsing på "Nøysam", var heldigvis ikkje dei tilsette seine med å seia ja.Etter litt vart planen lagt, og bygdekvinnelaget ordna med frø og jord.

Elevane fekk så gulrøter, setja poteter og løk i pallekarmer på skuleplassen i vår. Desse dyrkingssonene fekk stå i fred og kosa seg gjennom sommeren.

Samstundes har elevane vore på mannge bærturar, soppturar og fisketurar.

I veke 39 fekk alle elevane sjå skuleoppvisningane til berekraftsskulen, og mange gode poeng nåde fram: Det er skummelt høgt forbruk i verda vår, og det fører mykje avfall med seg. Og med det i tankane gjekk elevane heim og leita  fram ulike avlagde tekstilar som dei fekk med attende til skulen.

Tilbake på skulen nærma prosjektet seg slutten, og gulrøter, poteter og løk vart hausta.

Dei innsamla tekstila vart brukt til å sy puter med god hjelp av i bygdekvinnelaget. Rest-tekstila vart brukt til å veva ryer. Dei skal brukas på benkar som elevane lagar til ny bålplass ved skulen. Benkane er sjølvsagt laga av materialer som har vore i bruk før.

I sygruppa hjalp me elevane med å sy på symaskin. Elevane hadde på forhand samla inn stoffer. Gjenbruk av dukar, gardiner og andre stoff. Dei forma mønster og klipte ut. Nåla og tråkla alt klart til sying. Maskinsaum, god vatt inni, og det blei mange flotte og fargerike puter. 

Ein gjeng av oss var til hjelp på kjøken. Me gjorde klar grønsakene slik at elevane kunne skrella og skjæra dei opp i passe bitar. Flinke og ivrige var dei.

Alle elevane på skulen fekk prøva seg på kjøken, symaskin, og veving der dei klipte opp remser av tøy dei hadde med seg.

Dette prosjektet gjekk over 2 dagar, der me i bygdekvinnelaget var til god hjelp.

På kjøken dag 2 fekk elevane kutta opp pølser og kjøt til den goe betasuppa. God suppa blei servert og alle kosa seg .

To fine dagar for oss i Skare Bygdekvinnelag.