Strikkekafe for heile bygda 15.februar.
Vi var spente på om det ville komme strikkedamer til kafeen vår, da det er lenge siden sist vi arrangerte. Tilsammen var vi 23 damer, og det syntes vi var kjempeflott.Dei var alle ivrige å jobba med strikket/broderi sitt, og praten gikk flittig. Kaffepause med gode vafler og loddsalg med fine gevinster hadde vi og.
Ellers var det kjekt å få besøk av av Sigrid og Anne med rokkane sine. Dei spinna eigne garn. Å laga eigne garn er ein fleirdelt prosess.
Du skaffer deg ull. Du kan kjøpa ferdig vaska og kara ull, men det er ekstra kjekt og mykje billigare å bruka kortreist ull. Du kan bruka saueull, angoraull/pels og hundeull i tillegg til alpakkaull. Rusk må plukkas ut og kanskje kara ulla i tuller. Du spinner ulla inn på snella og får ein ulltråd. To ulltråder tvinnes mot kvarandre og får totrådsgarn.
Garnet blir dradd gjennom rommet, for at snurren i garnet skal fordela seg jevnt. Så blir det tatt inn på eit hespetre.
Sigrid hadde saueull og Anne brukte hundull. Det var kjekt å ha disse to damene på besøk.Tusen takk for ein lærerik kveld!