Strikking med 4.klasse og betasuppe med 1. og 2.klasse på Skare Skule.
Strikking med 4.klasse.
Vi var 4 medlemmer som møtte opp for å læra 4.klasse å strikka. Det er 5 elevar i 4.klassen, men 2 var borte fra skulen, så då fekk me god tid til å hjelpa dei 3 elevane. Me hjalp dei med opplegging av masker. Viste dei korleis dei skulle strikka maskene, og dei lærte fort. Det gjekk ikkje lang tid før dei satt aleina og strikka. Det var sommerfugl dei skulle laga. Dei satt rolig og var skikkelig ivrige alle tre! Sommerfuglane blei fine og dei var fornøyde!
Laging av betasuppe med 1. og 2.klasse.
5 bygdekvinner møtte opp for å læra elevane å laga betasuppe. Det var tilsammen 7 elevar. Dei skrella og delte opp poteter, gulrøtter, purreløk, kålrot og pølser. Litt hjelp fekk dei, men klarte jobben bra. Byggryn og kjøtt hadde me kokt på forhånd. Då alt var skrella, rydda dei bort skrell fra bordene. Suppa vart satt på kok og elevane tok friminutt. Etter pausen dekka dei bordene til 14 personar med fat, glass og pynta med servietter.
Lærar og rektor blei og bedt inn. Alle tykte suppa var god.